iADMIN -enklare drift av ditt arrangement

iAdmin er eit administrasjonsystem for handtering av større og mindre arrangement. Systemet vart i utgangspunktet skreddarsydd til Norsk Countrytreff på Breim. Ein såg at å administrere mange arbeidsoppgåver og mykje mannskap tok mykje tid og ressursar. Samarbeidet med festivalen har ført til eit komplett system som gjer jobben med å gjennomføre arrangement mykje enklare. Frå 2013 har og Malakoff rockfestival nytta systemet.

 
main_menu.jpg

Systemet er bygd opp rundt følgande modular:

  • Handtering av mannskap
  • Handtering av fribillettar / akreditering til mannskap
  • Modul for camping innsjekk
  • Modul for artist/gjeste- logistikk som transport, lydprøver, overnatting etc
  • Modul for kassasystem for ipad/nettbrett for sal av billettar, profilartiklar osv

Systemet har støtte for kommunikasjon via SMS og e-post, og ein har mulighet til å ekpsortere til PDF, Excel etc.

Vi gjer jobben enklare for deg!!! Ta kontakt for demonstrasjon!

Malakoff Rockfestival tok i bruk programmet for første gong i år, til festivalen som vart arrangert 18. -20. juli 2013.Vi har i fleire år sakna eit administrasjonsprogram, men programma vi tidlegare har sett har vert laga for «kulturhus» og ikkje tilpassa enkelt- arrangement. For oss var mannskapshandtering den største utfordringa. Som frivillig organisasjon har vi «liten admressurs» , og for oss er iAdmin heilt perfekt.

Vår erfaring er at iAdmin er brukarvennleg og «lavterkselprogram» å ta i bruk. Mannskapsdata som vi tidlegare hadde på regneark, kunne enkelt importerast , og tilpassast nytt system.

Behovet for opplæringstid for nye brukarar, er svært kort. Med hjelp av iAdmin har du eit super-godt verktøy for å lage ei god og heilheitleg bemanningsplan og ein god og effektiv informasjonsflyt før, under og etter eit arrangement.

Malakoff har også fått utført små programtilpassingar , raskt og effektivt.

På vårt arrangement i 2013 hadde vi 784 «mannskaps-personar» registerte iAdmin

Tilbakemeldingane frå dei i organisasjonen som brukte systemet til informasjon/inngang/akkreditering/ vaktregistering var veldig positive. I 2013 hadde vi over 20 000 besøkande på vår festival, og online-systemet iAdmin var eit fantastisk verktøy for oss.
— Gunn Guddal, Frivilligkoordinator Malakoff Rockfestival